Møre og Romsdal

Såg lysfenomen på himmelen: – Eg fekk gåsehud

Silje Steinnes Bjerknes – Journalist, Aud Darrud – Journalist, Lars Martin Hunstad – Journalist

Natt til fredag blei eit lysfenomen blei sett på himmelen fleire stadar i Noreg. Truleg er det snakk om ein russisk rakett.

Ein NRK-tipsar såg lysfenomenet i Kristiansund på Nordmøre i 02.00-tida natt til fredag.

– Plutseleg blei heile himmelen dekka av ei eller anna form for lyssky. Vi stussa veldig på kva det var, fortel tipsaren til NRK.

Personen fortel at han såg lyset i 3–4 minutt før det forsvann. Han fortel at han aldri har sett noko liknande før.

– Eg fekk gåsehud. Det var veldig artig å sjå.

Fantastisk

Tone Oldervik og mannen hennar sat ute då dei såg at himmelen lyste opp i Hjelvika i Vestnes kommune i natt.

– Lyset blei berre større og større. Det var fantastisk, eg har aldri sett noko slikt før.

Det har også kome inn meldingar om at lysfenomenet blei observert i Sandnessjøen og på Hamarøy i Nordland og i Troms.

Lisa Voss frå Tyskland var på besøk hos venner i Gratangen då dei opplevde det spesielle lysshowet.

– Vi sat ute under ei stjerneklar natt. Det var noko heilt anna enn stjerneskot. Den heldt seg i forma ein ser på bilda ei god stund, heilt til den plutseleg eksploderte.

Truleg russisk rakett

Truleg er det ein russisk rakett som har ført til lyset på himmelen.

Det russiske forsvarsdepartementet har sendt ut ei melding om at det blei skote opp ein romrakett i løpet av natta.

Sojuz-2.16-raketten blei skoten opp frå rombasen Plesetsk i det nordvestlege Russland, på oppdrag frå Forsvarsdepartementet. Ifølge nyheitsbyrået Tass skal det ha vore militære satellittar om bord.

Yngvild Linnea Andalsvik er fagsjef for romovervaking ved Direktoratet for romvirksomhet. Ho fortel at dei ikkje kjenner til detaljane rundt oppskytinga.

– Men eg kan bekrefte at det var ei oppskyting frå Plesetsk klokka 01.17, norsk tid.

Også den russiske romfartsorganisasjonen Roskosmos melder dette.

Hallvard Sandberg er NRK-journalist og romfartsekspert. Han forklarer lysfenomenet slik:

– Det lyset ein ser på himmelen er det øvste steget på raketten som sende nyttelasten, altså fleire hemmelege satellittar, ut i rommet.

Han forklarar at lyset er eksosen frå raketten.

– Det skjer så høgt oppe at sola framleis lyser der. På bakken er det mørkt, så det er grunnen til at det blir synleg. Skya av eksos er veldig stor fordi den spreier seg ut i den tynne atmosfæren.

Lysfenomenet har også blitt sett i Sverige og Finland.

Aftonbladet skriv at himmelen blei lyst opp i fleire minutt før fenomenet forsvann.

Også The Barents Observer har skrive om hendinga. Ifølge dei har Russland sendt ut navigasjonsvarsel for område nord for Varanger og nordaust for Bjørnøya.

Dei skriv at det ifølge varselet er forventa at to nyttelastdeksel (metallstrukturar) frå raketten kjem til å falle ned i havet.

Etter kvart som raketten stig gjennom dei ulike trinna, blir deksla kasta av og fell tilbake mot jorda.

Lyste opp himmelen i januar

Også i januar blei eit lysfenomen observert på himmelen mange stadar i Noreg.

Den gong var det ein rakett frå det amerikanske romfartsføretaket SpaceX.

Dei siste dagane har også dei sendt opp fleire rakettar, skriv selskapet på X.

Hege Alexandersen såg frå Valderøya på Sunnmøre onsdag kveld det som truleg var eit «tog» av satelittar som vart slept ut av ein av selskapet sine rakettar etter oppskyting.

– Det var veldig interessant. Det var sjukt å oppleve og spennande, fortel ho.