Vestland

Slår alarm om realfags­krise

Oddgeir Øystese – Journalist

Høgre vil betale for å ha tilbod om realfag sjølv om elevane vel dei vekk.

– Kva er eigentleg eit gjeldande siffer?

Fysikktentamen nærmar seg for elevane i VG2 på Amalie Skram vgs. i Bergen.

Det er hardt arbeid.

– Det er press, ja. Det er mykje pensum å lære seg. Det blir mange seine kveldar, vedgår Ingeborg Våge Møgster.

– Eg har følt at det er fortvilande vanskeleg. Men når det løsner, då er det jo kjekt, supplerer Rikard Håvik.

Men stadig fleire gjev opp både fysikken og dei andre realfaga.

I 2014 valde 44 prosent av elevane på vidaregåande skular realfag som studiespesialisering. I år er andelen på 35 prosent.

Dei som søker seg til lektorutdanning innan realfag er meir enn halvert sidan 2019.

Krev tiltak

Dette får Høgre til å slå alarm. Dei har no foreslått 20 tiltak for å få fleire til å velje realfag.

Mellom anna vil dei betale fylkeskommunane for å oppretthalde realfagsklasser trass i at søkartala sviktar.

Dei vil og opne for større bruk av nivådeling og fleire verktøy for foreldre slik at dei kan hjelpe barna sine.

– Vi må hindre at realfagstilbod forsvinn. Vi har ei realfagskrise i Noreg. Her trengst det store, nasjonale grep, seier Mathilde Tybring-Gjedde. Ho er stortingspolitikar frå Høgre og leiar av Utdannings- og forskingskomiteen.

Tybring-Gjedde er uroa for at Noreg vil komme bakpå når det gjeld forsking og utvikling om ikkje tendensen snur.

– Regjeringa har sett ei realfagskrise vokse utan handling. Og det er alvorleg at vi har kome i dagens situasjon.

Regjeringa svarer

– Dette er rett og slett feil! Vi har teke fleire grep allereie, og saman med kunnskapsministere set eg no i gang med å jobbe fram ein heilskapleg strategi for dette.

Det seier minister for forsking og høgare utdanningsminister, Sigrun Aasland.

Å jobbe for ein meir praktisk skule, styrking av matematikksentre, endring av matematikkfaget og fleire studieplassar for ulike realfag er eksempel på grep som regjeringa har teke.

Men Aasland er heilt samd med Høgre i at det er viktig å få fleire til å velje realfag.

– Dette er viktig både for konkurransekrafta vår og for tryggleiken. Slik verda er no treng vi sjølve å ha kompetanse innan viktig teknologi. Så dette må vi lukkast med, meiner ministeren.

Har lukkast å snu trenden

På Amalie Skram i Bergen har dei fått fleire til å velje realfag dei siste åra.

Rektor Lars Berntsen seier det er resultat av ei målretta satsing.

Mellom anna har dei leksehjelp, med middag, etter skuletid. Det er og hyppige besøk til arbeidsstader der realfagskompetanse er i dagleg bruk.

– Det er viktig å heile tida har basiskunnskapane på plass. Då vert dei neste stega lettare. Skulen må tidleg ha fokus på realfaga, seier rektoren.

Han seier dei veit at overgangen frå ungdomsskule til vidaregåande er vanskeleg for mange. Difor tilbyr dei ei veke skule om sommaren for å bu elevane på det som ventar.

Ingen av dei fire vi møter midt i tentamensførebuingane angrar på at dei valde fysikken, trass alt.

– Det er for få som veit kva mogelegheiter som ligg i dette vidare i livet, meiner Ingeborg Våge Møgster.

Til slutt vert dei samde om at gjeldande siffer er dei sifrene i eit tal som bidreg til presisjonen i ei måling. Og er eit steg nærare å vere klare for tentamen.