«Nora» var feilmedisinert i 15 år: – Eg har trudd at det er noko gale med meg

Sunniva Skurtveit – Journalist, Henrik Løfaldli – Journalist

Pasientane til den tidlegare kommuneoverlegen og fastlegen i Frosta, Arne Bye, toppar statistikken på bruk av antidepressiva og vanedannande middel.

– Eg har trudd at det er noko gale med meg, så då må eg jo berre fortsette å gå på det, seier «Nora».

I over 20 år gjekk ho på antidepressiva. Det er 15 år lengre enn det no viser seg at ho hadde behov for.

– Når ein skjøner at ein er lurt i så mange år, så er det som alt blir mørkt. Eg gjekk inn i ei livskrise. Eg visste plutseleg ikkje kven eg var for nokon.

Ho er frå Frosta og har hatt Arne Bye som fastlege. I 2025 blei han dømd til 16 år i fengsel for 70 valdtekter og 82 tilfelle av å ha misbrukt si stilling for å oppnå seksuell omgang.

Han er i tillegg under etterforsking for 169 nye forhold.

Det var Bye som føreskreiv antidepressiva til «Nora».

– Eg har ikkje gråte på 20 år. Eg har ikkje fått til å uttrykke eller regulere følelsane mine, fordi det gjekk ikkje med den medisinen. Eg har jo vore avstumpa.

«Nora» er ikkje hennar eigentlege namn. NRK kjenner kvinna sin identitet, men ho ønsker å vere anonym.

– Det er skambelagd å seie at du har gått på antidepressiva eller vanedannande middel.

NRK har presentert kritikken som kjem fram for Arne Bye, men han ønsker ikkje å kommentere saka på grunn av den pågåande etterforskinga mot han.

Beskjeden som endra alt

Bruken av antidepressiva og vanedannande medisinar har lenge vore rekordhøg i Frosta kommune.

Nora blei først sett på antidepressiva fordi ho sleit psykisk, men ønska å slutte på medisinen etter eit par år fordi ho følte seg frisk.

– Men Bye skremte meg og sa at viss eg slutta på antidepressiva så ville eg få tilbake depresjonen, og at det ikkje kom til å gå godt med meg i livet.

Difor fortsette ho på medisinen – heilt til Arne Bye blei suspendert i 2022.

Då skal ein annan lege ha sagt at ho var feilmedisinert og aldri skulle ha gått på antidepressiva i så lang tid.

– Eg har brukt to år på å slutte. Det er noko som heiter seponeringssyndrom og det fekk eg verkeleg kjenne på kroppen, seier Nora.

No har ho søkt om pasientskadeerstatning etter feilbehandling frå Arne Bye.

I den forbindelse stadfester ein sakkunnig lege at ho skulle ha fått hjelp til å slutte på antidepressiva allereie i 2010:

– Har måtte avslutta det som ikkje har vore forsvarleg

Både kvinner og menn i Frosta har i fleire år lege langt over landsgjennomsnittet når det gjeld bruk av antidepressiva og vanedannande medisinar.

Sidan 2022 har kommunen gått grundig til verks for å få ned bruken av vanedannande sovemiddel, opioid og benzodiazepiner.

– Dette er medisinar det er skadeleg å gå på over lengre tid, forklarar noverande kommuneoverlege i Frosta, Linn Beate Skogholt.

– Me ser at det har blitt brukt feil type medisin. Det har blitt brukt ein type medisin som ikkje passar til den diagnosen folk har. Det har blitt brukt på feil grunnlag, seier Skogholt.

Ho meiner Arne Bye skreiv ut vanedannande medisin for å gjere pasientane avhengige av han som deira fastlege.

– Me har stått i ein ekstrem situasjon der ein av kollegaane vår har utsett pasientane sine for overgrep og brukt ein ganske brei manipulering for å klare å kome i posisjon til å gjere det.

– Og pasientane har trudd at det har vore medisinsk og at dei treng denne medisinen, legg ho til.

– Me har måtte avslutta det som ikkje har vore fagleg forsvarleg, seier kommuneoverlegen.

– Systemet er i stor grad basert på at nokon seier ifrå

Eit stort spørsmål Nora sit igjen med etter å ha vore feilmedisinert i så mange år er:

Korleis det er mogeleg at ein fastlege kan skrive ut så mykje medisin utan at det blir kontrollert?

– Ein fastlege har sjølv ansvar for at rekvirering av legemiddel skjer på ein forsvarleg måte, svarar Vigdis Malt Marøy, fungerande avdelingsdirektør i Statens helsetilsyn, som held fram:

– Systemet er i stor grad basert på at nokon seier ifrå når noko verkar gale. Fastlegar har eit sjølvstendig ansvar for si rekvirering, og me har i utgangspunktet først moglegheit til å undersøke når det kjem ei bekymringsmelding, ein klage eller når Statsforvaltaren opnar tilsynssak.

– Kunne helsetilsynet ha gripe inn og stoppa dette tidlegare?

Me hadde ikkje tidlegare motteke informasjon som gav grunnlag for å undersøke Bye si rekvirering av vanedannande legemiddel. Me trakk tilbake autorisasjonen hans som lege i juni 2023 på grunn av grenseoverskridande åtferd, svarar ho.

– Kjem systemet til å bli endra etter at dette har blitt avdekka?

– Erfaringane frå slike saker bruker me i arbeidet vårt med å styrke pasientsikkerheita. Dialogen mellom myndigheit, kommunar og fagmiljø om korleis systemet kan forbetrast, held på heile tida, svarar Marøy.

– Eg kan stå litt rakare i ryggen

Arbeidet med å få ned legemiddelbruken i Frosta kommune er langt frå ferdig.

– Me prøver å gjere noko med bruken av antidepressiva, men me må kanskje gjere det litt rolegare. Sånn at me har med oss pasientane og dei skjøner kvifor me gjer det.

– For det er jo eigentleg medisin som skal vurderast etter seks til tolv månader. Men som mange har stått på i over 20 år, legg kommuneoverlegen til.

For Nora, som gjekk på antidepressiva i over 20 år, har det betydd mykje å få eit vedtak som stadfester at ho gjekk på antidepressiva for lenge.

– Eg kan stå litt rakare i ryggen akkurat no. Eg plar seie at eg har ei super woman innvendig akkurat no, så no kan det berre kome. No er eg kampklar.

Men saka for hennar del er truleg ikkje over.

Den tidlegare fastlegen hennar var først sikta for å ha valdtatt Nora, men saka hennar blei lagd bort. No er Arne Bye igjen sikta for å ha valdtatt henne.