Fryktar han må kaste 10.000 vinflasker

Helene Hjelseth Holen – Journalist

30 gram kan gjere at Thomas Patay må kaste meir enn sju tusen liter vin i søpla. Han reagerer på det han kallar regelrytteri hos Vinmonopolet.

Saka oppsummert:

  • Vinmonopolet har innført eit nytt krav om lettare glasflasker for vin utan boblar som kostar under 250 kroner.
  • Ein norsk vinleverandør, Rebel Group AS, har flasker som veg 30 gram for mykje, noko som gjer dei ulovlege for sal.
  • Leverandøren meiner at «regelrytteriet» fører til miljøforsøpling, då fleire tusen liter vin kan bli kasta.
  • Vinmonopolet avviser å gi unntak for dette partiet og meiner leverandøren burde ha tilpassa seg i tide.
  • Vinmonopolet seier dei ikkje har stilt krav om at flaskene må destruerast, og at leverandøren står fritt til å selje dei andre stader.

Oppsummeringa er laga av ei KI-teneste frå OpenAI. Innhaldet er kvalitetssikra av NRK sine journalistar før publisering.

– At positive miljøtiltak frå Vinmonopolet førar til miljøforsøpling, berre fordi regelrytteriet vinn over miljøet. Det synest vi er heilt hårreisande.

Thomas Patay møter NRK utafor eit lager i Oslo.

Her står eske på eske stabla både høgt og bredt.

Kvar av dei er fylt med fransk rosévin frå den norske vinleverandøren Rebel Group AS, som Thomas er dagleg leiar for.

Men snart kan alt hamne i søpla.

Flaskene veg nemleg 30 gram for mykje.

Klimagrep

Frå 1. januar trådde Vinmonopolets ferskaste klimatiltak i kraft.

All vin utan boblar som kostar under 250 kroner, skal no vere på lettare glasflaske.

Flaskene skal vege maks 420 gram.

Men ei vektendring som flaskeprodusenten deira gjorde før kravet kom, fekk ikkje Thomas og dei andre i Rebel vita om, seier han.

– Så i våre system, og Vinmonopolets system, så er det jo ikkje registrert noko avvik.

Etter at kravet om lettare flaske vart innført, vart det gjort ei kontrollveging av vinen til Rebel.

Da viste det seg at den var 30 gram for tung.

– Produktet vart rett og slett sperra, og ulovleg for sal, seier Thomas.

Går i kverna

– Dette er ein spesialetikett for den norske marknaden. Så vi kan ikkje sende det tilbake til Frankrike. Der ender dei også opp i konteinaren, seier Patay.

Han meiner dei ikkje har noko anna val enn å kaste flaskene.

– Det er det einaste alternativet vi har, fordi vi ikkje får lov til å selje desse flaskene.

Det Thomas ønskjer seg, er eit midlertidig unntak frå vektkravet, berre på dette partiet med flasker, slik at dei kunne få selt det unna og sleppe å kaste dei.

Han meiner det ville gått fort.

– Det ville tatt oss halvanna månad å løyse det problemet, seier han.

Gjer ikkje unntak

Vinmonopolet varsla den obligatoriske flaskeslankinga for fleire år sidan, slik at leverandørane skulle greie å få på plass riktige flasker innan fristen.

– Men denne leverandøren har diverre ikkje klart å omstille seg i tide. Derfor har vi midlertidig stansa bestillinga av dette produktet, seier administrerande direktør i Vinmonopolet, Elisabeth Hunter.

Ho seier at dei ikkje kan gjere unntak.

– Vi må behandle alle leverandørar likt. Dersom vi skulle gitt unntak for denne leverandøren, kan du vere heilt trygg på at nokon andre ville syntest at det var urettferdig.

For oss står dei sjølvsagt fritt til å selje det andre stader.

Elisabeth Hunter Administrerende direktør, Vinmonopolet

Vinmonopolet meiner også at skjebnen til flaskene ikkje treng å vere at dei ender i ein konteinar.

– Vi har aldri kravd at dei skal destruera dei flaskene. For oss står dei sjølvsagt fritt til å selje det andre stader, seier direktøren.

Samstundes understrekar ho at leverandøren allereie skal ha retta feilen til neste parti.

– Vi er blitt fortalt at allereie denne veka skal dei klare å levere på lettare glasflasker.

Frustrert over «regelrytteri»

Leverandøren sjølv seier derimot at det ikkje finst andre marknadar for akkurat denne vinen.

– Dette er ein litt søtleg rosévin, så det er ikkje noko marknad hos restaurantar dessverre. Og 10.000 flaskar er vanskeleg å få selt i restaurantar, seier Thomas Patay.

Det han reagerer på, er det han meiner er firkanta reglar frå Vinmonopolet.

Han meiner det får ein negativ effekt på klima, viss dei må kaste flaskene.

– Dette utgjer omtrent 17 tonn vare, eit miljøutslepp på 12 tonn C02. Og det må vi destruere og sende til kverna, fordi flaska veg 30 gram for mykje.

– Har dykk eit ansvar i at dykk burde ha visst om det?

– Vi tenkjer at når vi ser på det store bildet her, så er det miljøet denne vekta skal ha ein innverknad på. Når det gir eit negativt innslag på miljøet, så bør ein vere meir pragmatisk. Det å peike fingrar er ikkje viktig, til sjuande og sist er det miljøet som blir skadelidande.