Støre svarte om rente, EU og frukostvanar

Espen Alnes – Journalist, Linn Wiik – Programleiar, Vilde Skorpen Wikan – Journalist, Anne Skifjeld – Journalist, Peder Bergholt – Fotograf, Lars Martin Hunstad – Visuell journalist

Statsminister Jonas Gahr Støre måtte svare for både rentelovnader i valkampen, kabinettsspørsmål og kva han helst vil ete til frukost då folket fekk stille han spørsmål.

Blant dei nesten 700 spørsmåla som kom inn til statsministeren, var det flest spørsmål som handla om økonomi og levekår. Fleire av desse tok føre seg faren for nye rentehevingar frå Noregs Bank.

– Det er mange som strever med kvardagsøkonomien og levekostnadane. Vi har fått inflasjon inn i økonomien vår etter pandemien. Renta er ein del av det. Det viktige for oss har vore å sørge for betre kjøpekraft, seier Støre.

Han er glad for at det blir debatt om rentepolitikk, men seier han som statsminister ikkje vil instruere sentralbanksjefen i korleis renta skal settast.

– Eg håper nordmenn ikkje blir påført meir renteutgifter, eg håper rentene går ned. Og så må vi respektere at det er Noregs Bank som skal gjere jobben.

Kvifor lova du lågare rente i valkampen då?

– Før valet stod det mellom ei Frp-regjering og skattenedgang, og trygg økonomisk styring, som legg grunnlaget for at rentene skal gå ned. Rentene gjekk ned to gongar i fjor, men det er ikkje lett å føreseie ein krig i Midtausten med enorme konsekvensar.

Har pengar i fond

I 2020 fekk Støre kritikk for å ha investert pengane sine i internasjonale pengefond.

Etter fleire negative medieoppslag i valkampen, tok han 75 millionar kroner ut av aksjefonda, og sette pengane i banken. Men no har han plassert pengane tilbake i fond.

– Eg eig ingen enkeltaksje, men har sett pengane i fond. Deg har dei i eit globalt indeksfond. Og det hadde vi ein brei gjennomgang av korleis det skulle vere for politikarar. Om kva du rapporterer, og korleis du gjer det.

Støre seier han synest det er meir ansvarleg å sette pengane i fond.

– Eg hadde pengane ståande i banken i fem år. Og eg synest det er meir ansvarleg å plassere dei i fond.

Det er mykje snakk om investeringane til Oljefondet. Er du trygg på at alle dine investeringar er etisk plassert?

– Dei er plassert i ein ansvarleg bank med eit indeksfond som følger retningslinjene dei har. Eg veit ikkje kva selskap som er ein del av det. Det er eit spareprodukt, som eg trur mange andre nordmenn også har investert i.

Rosar paven

Torsdag kom pave Leo med krass kritikk mot verdsleiarar, som han skulda for å bruke milliardar på «drap og øydeleggingar».

– Verda blir herja av ei handfull tyrannar, sa paven.

Støre meiner paven er inne på noko viktig.

– Eg synest det er bra at paven har stått fram og sett ned foten for at det no er ei automatisk løysing å ta i bruk militære våpen i for å løyse alvorlege konfliktar.

Ein lyttar lurte på kvifor statsministeren ikkje jobbar meir aktivt for eit norsk EU-medlemskap.

– Eg jobbar for at vi skal ha eit så nært og godt forhold til Europa som mogeleg, og er for at vi har ein levande Europa-debatt. Skal vi ha ei endring i tilknytinga til EU, må det vere ein demokratisk prosess.

Uro i samarbeidet

Den siste tida har det vore turbulent på raudgrøn side etter at Senterpartiet braut budsjettavtalen og stemte for ein reduksjon i drivstoffavgiftene.

Men Støre held fast på at samarbeidet framleis er godt.

– Eg hadde ein god samtale med leiaren for Senterpartiet tidlegare denne veka. I går hadde eg det med MDGs leiar, og eg skal ha med dei andre også i neste veke.

Men han avviser at han ikkje har kontroll og får gjennomslag i politikken.

– Eg har fremja 76 saker for å styre Noreg. 75 av dei har eg fått gjennomslag for. Så kom det eit vedtak i Stortinget, som vi ikkje blir ein del av fleirtalet på. Det må vi leve med.

Men Støre seier det er ei grense for kva han og regjeringa kan tole av nederlag. Men kvar den raude linja går for når han kan stille kabinettsspørsmål, vil han ikkje svare på.

– Dersom du stiller kabinettsspørsmål, må du vere klar til å overlate det til andre. Det synest eg er eit dårlegare alternativ for Noreg. Men det betyr ikkje at vi blir sittande uansett. Skulle det bli saker vi ikkje kan ta ansvaret for, så får det konsekvens.

Allergisk

Men han fekk også mjukare spørsmål, som kva som er favorittpålegget hans til frukost.

– Favorittfrukosten er eigentleg havregraut. Det var noko eg åt som barn, som mora mi og faren min laga til meg. Og så lagar eg meg mitt eige solbærsyltetøy, som held seg ei god stund etter august, ut på nyåret. Men no begynner det å gå tomt.

Han fekk også spørsmål om kva som var det mest imponerande dyret han kunne overvinne med eigne hender. Det er nok først og fremst mygg og insekt.

– For ein som er litt allergisk for kattar, så prøver eg å ha ein hyggeleg omgang med dyr. Men ei eg kan klaske vekk, er det beste.