Vestland

Historisk straff mot firma i anleggsbransjen: – Dette vil sette ein støkk i mange

Håkon Vatnar Olsen – Journalist, Even Norheim Johansen – Journalist

Tilsynet avdekka arbeid i «ei sky av synleg steinstøv». No må anleggsfirmaet betale ei historisk bot på 400.000 kroner.

NRK har dei siste åra avdekka at arbeidarar på norske anleggsplassar blir utsette for store mengder kreftframkallande steinstøv – utan at dei blir sikra godt nok.

No fører styresmaktene sin nye og strengare kontrollpraksis til historiske bøter i bransjen.

I fjor vår drog Arbeidstilsynet på umeldt tilsyn til eit steinbrot i Kaupanger i Sogn.

Her finst bergarten kvarts, som kan føre til kreft og kols om ein pustar inn støvet over tid. I steinbrotet observerte tilsynet arbeid midt i «ei sky av synleg steinstøv».

Rapporten frå inspektørane skildrar svikt i fleire ledd:

Historisk bot

Regelverket er tydeleg: Verksemda skal redusere eksponeringa for farleg støv, og fjerna støvet frå arbeidsplassen så langt det let seg gjera.

Arbeidstilsynet gav entreprenøren eit lovbrotsgebyr, noko firmaet ikkje aksepterte.

No har saka blitt avgjort av Direktoratet for arbeidstilsynet: Havnen Anlegg AS må betale 400.000 kroner i bot.

Det er ein historisk streng reaksjon for manglande vern mot steinstøv.

– Saka er feil framstilt av Arbeidstilsynet, seier dagleg leiar Oddgeir Havnen i Havnen Anlegg AS.

Markerer ny og strengare praksis

Gebyret på 400.000 kroner markerer ein ny og strengare praksis.

Sidan 2023 har NRK gjennom fleire saker avslørt korleis norske anleggsarbeidarar systematisk blir utsette for det kreftframkallande kvartsstøvet – ofte utan at verken verneutstyr eller opplæring er på plass.

NRK si kartlegging viste at:

Som direkte følgje av desse avsløringane varsla Arbeidstilsynet i fjor ein offensiv mot bransjen.

Arbeidstilsynet gjorde rundt 100 tilsyn med steinstøv i 2024. Dei avdekka brot i 80 prosent av tilsyna.

Det vanlegaste er at Arbeidstilsynet har gitt pålegg om å rette opp i feil, men no har dei for første gang gitt eit lovbrotsgebyr.

Ueinig

Dagleg leiar Oddgeir Havnen nektar ikkje for observasjonane til tilsynet, men er ueinig i alvorsgraden og storleiken på bota.

Selskapet har fått dokumentert kvartsmengda i fjellet og meiner den er ubetydeleg, argumenterte selskapet i si klage.

Dette var eit uheldig eingongstilfelle som straks vart retta opp i. Intern kontroll og opplæring vart styrka, ifølge selskapet.

Selskapet skriv at det var minusgradar på tilsynsdagen, noko som hindra bruk av støvdempande vatn og utstyr.

Havnen meiner storleiken på bota er urimeleg høg, samanlikna med andre vedtak frå Arbeidstilsynet. Selskapet hevdar også at kontrollørane hadde hastverk og ikkje var interesserte i å setje seg inn i dokument på staden.

I denne saka fant Arbeidstilsynet også manglande opplæring og intern kontroll.

Avviser klagen

Direktoratet har avvist klagen. Dei viser til at det ikkje er noko nedre risikogrense for skadeleg kvartsstøv i berget, og direktoratet skriv at regelbrot ikkje kan bli rettferdiggjort av tiltak i ettertid.

Ifølge tilsynet var det plussgradar på staden, og verksemda må uansett tilpasse arbeidet etter vêret.

Dei noterer seg at dagleg leiar måtte reise undervegs i tilsynet. Først etter at kontrollørane hadde dratt, vart tilsynet informert om HMS-dokument. Inspektørane meinte det var best å få dokumenta ettersendt.

Storleiken på bota står i stil med økonomien til selskapet og alvoret i saka, ifølge direktoratet.

Dette er likevel første gong eit anleggsfirma får eit slikt lovbrotsgebyr. Fleire slike bøter kan vere under oppsegling, ifølge tilsynet.

Trur bota set støkk i bransjen

Steinstøv som inneheld kvarts, er skarpt. Det slit i lungevevet.

Regionalt verneombod for anlegg, Glenn Seland, er svært letta over avgjerda om gebyret. Han har over mange år jobba med kvartsutfordringa og rive seg i håret over at konsekvensane ikkje har kome.

Han er glad for at farane med det fine støvet no blir tatt på alvor.

– Dette vil nok sette støkk i mange arbeidsgjevarar, seier Seland, som meiner mange i anleggsbransjen har hatt eit slepphendt forhold til kvartsstøvet.

Som ein halv sukkerbit i eit basseng

Grenseverdien i regelverket er på 0,05 milligram per kubikkmeter med luft. Leiande ekspertar på feltet trur at grenseverdiane må reduserast endå meir for at folk ska l forstå faren med det.

– Grenseverdien utgjer så lite som ein halv sukkerbit oppløyst i eit olympisk svømmebasseng. Og Noreg er eit av landa i Europa med høgast innhald av kvarts, seier han.

Det vart ikkje utført måling av kvarts-støv i steinbrotet i Sogn, men lovbrotet handlar om manglande støvreduserande tiltak, ikkje mengda støv i lufta.

Seland trur at bransjen kjem til å ta steinstøv på enda større alvor, no som Arbeidstilsynet viser musklar.

– Viss ikkje forstår eg ingenting, seier han.