Politiet jakta båt og bil – så gjekk tjuven tom for bensin
Politiet følgde natt til fredag etter ein bil med ein skjergardsjeep på slep. Sjåføren måtte stanse tidlegare enn han kanskje hadde planlagt.
Natt til fredag bestemte ein politipatrulje i Halden seg for å stanse ein bil med både hengar og båt.
Og det skulle vise seg å bli ei innhaldsrik natt for politiet.
Både bilen og lasta skal nemleg vere stolen.
Hadde fleire registreringsskilt
Da politiet prøvde å stanse køyretøyet, langs Svinesundveien, prøvde sjåføren å stikke frå staden.
Kort tid etter klokka 01.20, kom han likevel ikkje lenger.
Det viste seg i ettertid at bilen hadde gått tom for bensin. Men det var ikkje det einaste som var gale.
I tillegg til å ha bruksforbod, var bilen også utstyrt med opp til fleire ulike registreringsskilt.
– Føraren har vore i kontakt med politiet for liknande hendingar tidlegare, opplyser operasjonsleiar Atle Vesttorp.
Mannen hadde heller ikkje gyldig førarkort og var ikkje i køyrbar stand.
– Han fekk utslag på amfetamin, opplyser operasjonsleiar.
Både førar og passasjar er menn frå Østfold i 40-åra. Begge er domfelte tidlegare, og kjenningar av politiet.
Båt i god stand
Fredag morgon var politiet i kontakt med eigaren av den stolne båten
– Han bekrefta at det var hans, og at båten framleis skal vere i god stand, forklarar operasjonsleiar.
Politiet tok med seg dei to karane til arresten og har oppretta sak.