Vestland

Sjå Teslaen krasje i 90 km/t på Torgallmenningen

Astrid Solheim Korsvoll – Journalist, Laurita Fure Briceño – Journalist, Sandra Lid Krumsvik – Journalist

Ny video viser dramatikken då ein taxi krasja midt i Bergen sentrum. No vil politiet sjå nærmare på saka.

Oppsummering av saka

  • Ein Tesla krasja i Bergen sentrum i 2023, tilsynelatande på sjølvstyr.
  • Politiet fann ikkje bevis for førarfeil, men teknisk svikt kunne ikkje utelukkast.
  • Saka vart lagt vekk i 2024, men politiet kikar på saka på ny grunna manglande nettverkskort og data.
  • Tidlegare Tesla-mekanikar har varsla om Tesla-bilar som akselererer og bremsar på eiga hand.
  • Forsvarar Øvrebø ønskjer ein granskingskommisjon for å undersøke Tesla og liknande hendingar.
  • Politiet har førebels ikkje planar om å sjå nærmare på Tesla.

Hendinga skjedde i Bergen sentrum ei mainatt i 2023 då ein Tesla, tilsynelatande på sjølvstyr, krasja i ein utestad og ein Narvesen-kiosk på Torgallmenningen.

Dash-kameraet til bilen syner det som skjedde.

I videoen ser ein taxien først køyre roleg gjennom sentrum.

Brått skyt han fart og krasjar i ei uteservering.

Kort tid etter akselererer bilen brått att, før han krasjar i ein kiosk midt på Torgallmenningen i Bergen sentrum.

Ifølge berekningar frå Statens vegvesen hadde bilen ein fart på 90 km/t då han krasja i kiosken.

Taxisjåføren vart send til sjukehus med lettare skader. Ingen andre personar vart skadde.

Meiner Teslaen var på sjølvstyr

Sjåføren har heile tida hevda at bilen køyrde på eiga hand.

Politiet fann ikkje bevis for at det var førarfeil, men dei kunne heller ikkje utelukke teknisk svikt ved bilen.

Saka vart difor lagt vekk i desember 2024. Men no vil politiet sjå på saka på nytt, melder fagbladet Motor.

Årsaka er mellom anna spørsmål om eit viktig nettverkskort på bilen som er vekke, ifølge Motor. Dette kortet kan gi informasjon om ulykka.

Det er også seks sekund med data som manglar frå krasjen.

Straffesaka er framleis lagt vekk, men politiet vil sjå vidare på nokre element i saka, seier politijurist Kjersti Katrine Svendsen.

– Er det noko meir vi kunne undersøkt? Og kvar er i så fall dette kortet?

Årsaka til at dei ser på saka tre år etter hendinga, er media sitt fokus på denne og liknande saker, fortel ho.

Dei siste åra har det vore fleire saker om Tesla-bilar på sjølvstyr.

Den tidlegare Tesla-mekanikaren Lukasz Krupski har varsla om Teslaar som bremsar og akselererer på eiga hand. Han kallar bilane farlege.

Dei siste åra har det også vore fleire saker om Volvoar med liknande problem.

– Kven har motiv for å fjerne kortet?

Etter hendinga i Bergen i 2023 vart bilen levert til Statens vegvesen for undersøkingar. Der stod den til februar 2025, då advokat Torkjell Øvrebø sende han til ny gransking.

Øvrebø hadde rolle som taxisjåføren sin forsvarar då straffesaka heldt på.

Men dei som skulle undersøke bilen fekk seg ei overrasking då bilen kom fram.

Ifølge fagmagasinet Motor var fleire komponentar under dashbordet demontert, leidningar avkappa og det mykje omtalte nettverkskortet vekke.

– Her har nokon vore inne i bilen og opna sjølve hovudcomputeren. Eitt av bilen sine viktigaste datakort var rett og slett fjerna, seier Simen Huse, dagleg leiar i Simco som skulle undersøke bilen, til Motor.

Han reagerer også på at Statens vegvesen ikkje har nemnt dette kortet i sin rapport på 125 sider. Rapporten er ein teknisk rapport som er utarbeidd etter ulukka.

Politiet veit ikkje kvar kortet er, og ifølge Motor veit heller ikkje Statens vegvesen det.

Øvrebø stiller eit spørsmål han meiner er vesentleg:

– Kven er det som har eit økonomisk motiv for å fjerne dette kortet?

Han reagerer også på at Statens vegvesen ikkje har nemnt dette kortet i sin rapport på 125 sider.

Ønskjer gransking av Tesla

Øvrebø ønsker at politiet skal sette ned ein granskingskommisjon for å undersøke denne og fleire liknande hendingar.

Advokaten meiner politiet burde sjå nærmare på Tesla og seier at det finst langt fleire saker om slike bilar på sjølvstyr.

Politijurist Svendsen seier det ikkje er aktuelt for dei no å sjå nærmare på Tesla.

NRK har vor ei kontakt med Tesla for ein kommentar, men har førebels ikkje fått svar.