Blei klemt av konteinar – mann dømt for aktlaust drap

Henning Levold – Journalist

Tingretten meiner mannen ikkje var forsiktig nok da han skulle løfte ein konteinar med ein truck.

Ulykka fann stad på ein godsterminal på Heimdal i Trondheim i februar 2023.

Da nokre konteinarar skulle bli løfta på eit vogntog, kom ein mann i 30-åra i klem mellom vogntoget og ein konteinar.

Mannen døydde på staden like etter ulykka.

No er mannen i 40-åra som køyrde trucken dømt til 50 dagar i fengsel for aktlaust drap.

Ifølge dommen frå Trøndelag tingrett kom den avdøde mannen til godsterminalen omtrent klokka 3.00 om natta.

To konteinarar blei løfta av vogntoget mannen køyrde og to nye skulle bli løfta på.

Da den siste konteinaren skulle bli flytta, kom ein bulkkonteinar som stod ved sidan av i bevegelse. Dette førte til at mannen blei klemt mellom konteinaren og vogntoget.

[Tiltalte] hørte at [avdøde] ropte, han sprang bort til [avdøde], dro han løs og ringte arbeidsgiver og 113 for hjelp.

Dom fra Trøndelag tingrett

Mannen i 30-åra fekk fleire beinbrot i overkroppen og massive skader i indre organ. Han døydde etter få minutt på ulykkesstaden, står det i dommen.

Hendinga blei filma av overvakingskamera på staden.

Partane er einig i hendingsforløpet, men mannen i 40-åra erkjente ikkje å ha handla aktlaust.

Da saka gikk for retten var det fokus på at det ikkje var noko skriftleg regelverk for løft med stor truck i 2023.

Likevel meiner tingretten at mannen ikkje løfta konteinaren høgt nok.

Men alle vitnene som har uttalt seg om opplæring og praksis om truck-kjøring, har likevel bekreftet at det var en uskrevet forventning om at løft av container med stor truck skulle gjennomføres slik at føreren hadde oversikt over bunnen eller de nedre hjørnene på containerne.

Dom fra Trøndelag tingrett

Retten meiner mannen i 40-åra ikkje løfta konteinaren høgt nok og dermed handla aktlaust.

Mannen blir dømt til 50 dagar vilkårsbunde fengsel.

Han er også dømt til å betale nesten 400.000 til den avdøde mannen sin kone og barn.

– Ei sak som har tatt lang tid

Politiadvokat Hanne Sivertsen Berg har vore aktor i saka. Ho fortel at ho er fornøgd med dommen.

– Den er i tråd med påstanden som blei lagt ned av påtalemakta.

Over tre år har gått sidan ulykka fann stad. Det lengre tid enn det burde vere, fortel Sivertsen Berg.

– Det er ei sak som har tatt lang tid.

– Det var også noko vi beklaga til alle partane i retten da vi var der.

Sivertsen Berg fortel det på grunn av at det tok lang tid blei lagt ned påstand om vilkårsbunde fengsel heller enn vilkårslaus fengselsstraff.

Håkon Knudsen er bistandsadvokat for dei etterlatne etter mannen som døde.

– Dei glade for at saka no er ferdig, fortel Knudsen til NRK.